Beskrivelse
Hans Ross
Lauvduskar
Prentat hjaa H. E. Larsen, [1867]. 48 sider. Originalt omslag med kun med bakre del.
Foromslaget mangler, samt deler av bakomslaget. Fremstår ellers velholdt.
Kretsen som publiserte i Dølen og var med i Døleringen, ønskte seg eit forlag som publiserte verk og forfattarar som skreiv på landsmål. Saman med nokre andre målmenn hadde Ross, på privat rekning, utgjeve nokre små hefte med eigne og andre sine innsamla vers og viser. Desse vart kalla “Lauvduskar” og vart delt ut på Ross sine reiser. Målet var å gjere landsmålet kjent. Det sette fart på diskusjonen om å grunnleggje eit nynorsk forlag.
Ross skulle spele ei stor rolle i skipinga av det som fekk namnet Det Norske Samlaget i 1868, og sat i styret i perioden 1872-1884. Ei av dei første utgjevingane til Det Norske Samlaget var ei ny utgåve av “Lauvduskar” som kom i 1869. Det Norske Samlaget fortsette tradisjonen med å gje ut innsamla materiale frå ymse målmenn under tittelen “Lauvduskar”. Ross var tungt involvert enten som bidragsytar, redaktør eller rådgjevar. Det siste bindet i rekka var det sjette, og vart publisert i 1887. Kilde: https://www.hf.uio.no






