Tyrimøy.
Umsett fraa tysk av Rasmus Løland.
Kristiania: Oscar Jensen & Co.s Trykkeri, 1903. 8vo. Kjeller (avisføljetong), løse legg.
Mindre hakk i noen av sidenes ytterkanter, dog ingen rifter.
PROVENIENS: Olav Myre, med hans notater: «Tyrimøy er en oversettelse av Ganghofer. Utklippsbok i «Den 17de mai», 1903. Sjeldneste Rasmus Lølandtrykk. Gave 10/7 1947 fra fru Agnes Vevstad.».
Løland vart etter kvart kjend som ein dugande diktar, og i 1899 fekk han eit statleg forfattarstipend på 1000 kroner. Forfattarar fekk desse midla for å kunna halda fram med den litterære utdanninga si i utlandet. Frå november 1899 var Løland på ei lang reise til utlandet; først med opphald i København, dinest i mellom anna Berlin og München. Han likte seg godt i Tyskland og var der til august 1900. Fleire veker var han òg i alpebyen Hall i Austerrike, der han byrja for fullt med omsetjingsarbeid, mellom anna av boka Presten Höllbart av austerrikaren Peter Rosegger (den første boka Løland fekk omsatt frå tysk).
Den andre boka Løland omsette frå tysk, var Tyrimøy av Ludwig Ganghofer og ho gjekk som laurdagsbilag i Den 17de Mai i 1903. Boka har «Eine Bergsage» – ein fjellhistorie – som undertittel, og handlinga går føre seg i eit grenseland mellom eit kvardagsleg liv med veiding som levebrød og hendingar farga av draum og segn. Kilde: oversetterleksikon.no





