OLAV DUUN

20 linjer, håndskrevet, signert Olav Duun. I konvolutt, påskrevet av Duun.

Duun takker for brev og mimrer om studietiden ved Levanger Lærerskole, hvor Duun påbegynte lærerstudiene som 25-åring.

Et velholdt og morsomt brev.

Kjære Nils Lauritz!
Jaså, er det der du har gjort av deg? Nei eg visste du var ikkje reint bortkommen enno, men eg studerte på kor du heldt til. En lærar her ned, Seljeset (ordføraren vår), påstod han hadde snåve borti deg i Foldal, men du veit ein slik kommunemann minnes ikkje stort av slikt.
Som eg ser av konvolutten har du ikkje komme reint bort frå musikken heller. Var nok ikkje råd det nei. Og i overlærarstolen sitt du, – sitt du der! sa’n Truls med bogan.
Ja det var verkelig moro å høre fra deg. Fekk i samme vase her brev frå Braut, elles hører eg mest aldri frå nokon av dei galningene. Dessverre (enda skylda er vel mi eiga – skylda hardt med det ho). Det er bra lenge sida vi sprang frå ein fest på Den røde Mølle, alias Levanger Lærerskole, skulde heim til deg og sjå etter kva du hadde i eine strømpa di. Det var sprit der – og vatn på bord! Da forlikte eg med festen, to heile timar til ende. Jagu gjekk eg grebba og ( og Gud smilte)!
Nåja, eg ønskar like godt over deg som du over meg.
Hjarteleg helsing
Olav Duun
kr 3500 ,-

Det tas forbehold om at varen allerede kan være reservert/solgt. It is reserved that the item may have been All items are offered subject to being unsold.

SOLGT | SOLD